>>Noroddtoppen 2011.Helga 29.-30.oktober reiste vi til Kristiansund for å delta på Noroddtoppen. Brattvåg stilte med 5 symjarar. Alle gjorde kjempe gode resultat. Jentene som var med denne gongen var Karoline, som i sterk konkurranse tok to gull og tre sølv. Anne, to gull og to sølv. Denne gongen var det spesielt dei lange øvelsane Anne gjorde det godt i. Vebjørn som nok engang tok med seg mest edelt metall heim, med sju gull og ein sølv og i tillegg bestemannsprisen på gutar 2000 modellar med 200 fri med den sterke tida 2.50.31. Sondre gjorde det veldig bra på dei tre ryggøvelsane, han kom heim med fem gul. Eirik gjorde det også bra og fekk fire gull og to sølv. Ilag med treneren symte dei også stafett som senior lag. Alt i alt ei god helg, sjølv med få symjarar, hevda symjeklubben seg bra totalt sett. Fleire bilde i fotogalleriet.
AKTUELT
>>LÅMØ Midt, 2011.11.-13. februar reiste 6 symjarar frå BSK.. Les meir..
>>Årsmøte i BSK.Det vert årsmøte i Brattvåg Svømmeklubb måndag.. Les meir..
>>Brattvåg Svømmeklubb beste klubb i Taremaresvøm 2011.Heile 43 symjarar frå BSK var i.. Les meir..
>>Taremaresvøm 2011.Velkommen til Taremaresvøm i Brattvåg Symjehall, laurdag.. Les meir..