Her kan du sjå litt av det vi har vore med på i løpet av det siste året. Vi prøver å reise på turar, og finne på aktivitetar utanfor symjehallen óg. Det kan vere sykkelturar, fjellturar, grilling, skiturar, mm. Turen med stor T er den årlege "styrkeprøva" på sykkel som startar frå Festøy ferjekai og held fram dei ca 180 kilometrane til Førde og symjestemnet Førdesprinten. Det er tungt,- men det er kjempekjekt!