Symjekurs

For oss som bur i ei kystkommune, er det svært viktig å kunne symje. Med det klimaet vi har her på nordvestandet, er det nesten umogeleg å lære og symje i sjøen.

Brattvåg Svømmeklubb ser derfor på dette som ei av sine viktigaste oppgåver. Vi arrangerer 2 symjekurs i året, eit om våren og eit om hausten. Til saman 70-80 born pr. år deltek på desse kursa. For å melde born på desse kursa må dei vere 6-7 år, og dei må botne i bassenget på den grunnaste delen (ca. 1 meter djupne). Her lærer dei å verte trygge i vatnet gjennom leik og vasstilvenning. Dei lærer og dei grunnleggande symjeferdigheitene. Her trivst borna og har det gøy!

Eit symjekurs kostar kr. 700,- og det vert gitt syskenmoderasjon. Dei siste åra har vi hatt ventelister for å delta på symjekurs, og difor har vi heller ikkje annonsert i avisene. Ynskjer du å melde på nokon, ta kontakt med Iren Leine Hildre tlf. 91608584 eller irelein@online.no