Symjetrening

Har du lyst til å vere med i symjeklubben?
Greier du å symje minst 25 meter, og kan dukke ned og hente ein gjenstand frå botnen av bassenget, er det berre å møte opp på trening. Der får du lære meir om symjing og symjeartar. Når du er blitt betre, kan du, hvis du vil, være med på symjestemne rundt omkring i heile fylket vårt. Dei av symjarane våre som er komne i elitegruppa, og er så flinke at dei oppnår gode tider, får og reise på stemne rundt i Noreg.

Treningstider for B-gruppa
Tysdag kl. 1700 - 1800
Fredag kl. 1700 - 1800
Treningstidene er for A-gruppa (vidarekomne)
Måndag kl. 1700 - 1900
Tysdag kl. 1700 - 1900
Torsdag kl. 1830 - 2030
Fredag kl. 1700 - 1900

Symjing er gøy, berre kom og prøv!