For oss som bur i ei kystkommune, er det svært viktig å kunne symje. Med det klimaet vi har her på nordvestandet, er det nesten umogeleg å lære og symje i sjøen.

Brattvåg Svømmeklubb ser derfor på dette som ei av sine viktigaste oppgåver. Vi arrangerer 2 symjekurs i året, eit om våren og eit om hausten. Til saman 70-80 born pr. år deltek på desse kursa. For å melde born på desse kursa må dei vere 6-7 år, og dei må botne i bassenget på den grunnaste delen (ca. 1 meter djupne). Her lærer dei å verte trygge i vatnet gjennom leik og vasstilvenning. Dei lærer og dei grunnleggande symjeferdigheitene. Kursa blir leia av Iren Leine Hildre, Lene Klemetsen, Astrid Sønderland og Vilmar Æsøy. Her trivst borna og har det gøy!


Eit symjekurs kostar kr. 700,- og det vert gitt syskemoderasjon.
Dei siste åra har vi hatt ventelister for å delta på symjekurs, og difor har vi heller ikkje annonsert i avisene. Ynskjer du å melde på nokon, ta kontakt med Iren Leine Hildre tlf. 70 21 59 73.